Innsikt

Når traumene sit i kroppen

Tekst Kristine Bastlien

Republisering 25.03.2025

Illustrasjon Kristine Bastlien

“Kva kan du tenkje deg å snakke om i dag?”, kjem det ofte frå psykologen. Men kva om svaret sit i kroppen?

Berøring, som er blant dei viktigaste verkemidla me har for nedregulering, er fullstendig utelatt i tradisjonell psykoterapi (1). Dette kan vere særleg problematisk når ein jobbar med tilstandar som kjenneteiknast av reguleringsvanskar, slik som posttraumatisk stressliding (PTSD).

Denne lidinga oppstår som ein vedvarande reaksjon på ei svært belastande livshending, eller ein trugande eller katastrofal situasjon. Kvardagen til personar med PTSD inneber gjenopplevingar, ulike former for unngåing og høg kroppsleg aktivering (2).

Fleire former for psykoterapi, som EMDR og kognitiv åtferdsterapi, har vist seg å ha god effekt for personar som lir av PTSD (3) (4). Samstundes har majoriteten av pasientane betydelege restsymptom etter endt behandling (5). I tillegg er det høg forekomst av somatiske symptom og sjukdommar hjå personar med PTSD (1). Bør me difor byrje å sjå etter supplerande behandlingsformer som i større grad adresserer dei kroppslege symptoma?

Frå hjelpesløyse til tryggleik

Ei innvending mot samtalebehandling for PTSD, er at lidinga inneber ei omfattande dysregulering av aktivering og affekt (1). Personen opplev å vere i konstant beredskap, og det skal lite til for å aktivere ein fryktrespons. Når nokon er over- eller underaktivert, vert det vanskeleg å føle ogtenkje klart (6). Personar med PTSD vil dermed vere mindre mottakelegefor verbale og kognitive teknikkar som blir brukt i tradisjonell psykoterapi. I slike tilfelle vil det vere meir føremålstenleg å hjelpe dei med regulering gjennom fysiske fornemmingar, rørsle og pust (1) (7).

Kroppsbasert traumebehandling har eit potensial til å styrke pasienten si oppleving av seg sjølv som eit handlande individ, og gi pasienten erfaringar med meistring og tryggleik. Slike opplevingar står i sterk kontrast til hjelpesløysa som mange traumepasientar har erfart. Traumeerfaringane resulterer i at ein ikkje lenger opplev å ha eigarskap til seg sjølv, verken psykisk eller kroppsleg.

Målet med terapien er dermed å

gjenvinne eigarskapen til eigen kropp,

og å forhalde seg til eigne kroppslege

reaksjonar. Dette er viktig fordi

kontakt med kroppen er nødvendig

for å kunne vite og kjenne kva ein

følar, kva behov ein har og korleis ein

kan ivareta desse (1) (8).

Sherry si historie

Eit døme på korleis kroppsorienterte metodar kan supplere tradisjonell psykoterapi, er nestor Bessel van der Kolk sin pasient Sherry, skildra i boka The Body Keeps the Score (1). Sherry var utsett for massiv omsorgssvikt som born, og fleire valdtekter som ung student. Ho gjekk med senka hovud og framoverlente skuldre, ho var stiv og anspent i kroppen, og dreiv med sjølvskading fordi dette var den einaste måten å bekjempe nummenheita ho opplevde. Det var fleire delar av kroppen som ho ikkje kunne kjenne i det heile tatt. Til trass for at Sherry møtte til behandling, var progresjonen fråverande.

Van der Kolk henviste Sherry til massasjeterapi, og resultata var forbløffande. Gradvis byrja Sherry å kjenne seg meir avslappa og trygg i samtaleterapien med van der Kolk. Ho viste nysemd og stor interesse i å forstå kva som låg bak vanskane hennar. Ho slutta med sjølvskading, og byrja å engasjere seg i aktivitetar. Kva seier forskinga? Van der Kolk har undersøkt effekta av kroppsorientert behandling, eksempelvis yoga. I ein studie fann han og kollegaer at gjennomføring av eit spesielt tilpassa yoga-kurs i 8 veker medførte ein markant reduksjon i PTSD-symptom hos deltakarane. Dei rapporterte lågare kroppsleg overaktivering, samt auka kontakt med og ivaretaking av kroppen. Desse pasientane hadde ikkje tidlegare hatt effekt av medikamentell behandling eller andre behandlingsformer (1). I 2019 undersøkte ei metastudie effekta av kropps- og rørsleorienterte behandlingsformer for vaksne med PTSD. Studien viste at behandlingane medførte signifikant reduksjon av PTSD-symptom, med medium til stor effektstorleik (9).

I samsvar med dei lovande resultata for kroppsorientert behandling, ser ein også utvikling i praksis. Mindfulness, pusteøvingar og grunningsøvingar nyttast på tvers av psykologiske terapiformer. I nokre behandlingsformer, som dialektisk åtferdsterapi, er mindfulness ein grunnstein for å handtere dysregulering (10). Samstundes må me anerkjenne at psykologar har avgrensa kompetanse på feltet, og vere opne for å samarbeide med andre yrkesgrupper som kan tilby andre former for kroppsorienterte behandlingsmetodar, som til dømes massasjeterapi, yoga og psykomotorisk fysioterapi. Eit slikt mangfald av terapiteknikkar og behandlingstilnærmingar mogleggjer eit behandlingstilbod som er tilpassa individet.

Referanseliste

(1) Van der Kolk, B. (2014). The Body Keeps the Score: Mind, Brain and^pBody in the Transformation of Trauma. Penguin Books.

(2) World Health Organization. (2023). F43.1: Fobiske angstlidelser.I Den internasjonale statiske klassifikasjonen av sykdommer ogbeslektedesykdommer. Direktoratet for e-helse. https://finnkode.ehelse.no/#icd10/0/0/0/-1

(3) Bisson, J. I., Roberts, N. P., Andrew, M., Cooper, R. & Lewis, C.(2013). Psychological therapies for chronic post-traumatic stressdisorder (PTSD) in adults. The Cochrane database of systematicreviews,(12). https://doi.org/10.1002/14651858.CD003388.pub4

(4) Cloitre, M., Courtois, C. A., Charuvastra, A., Carapezza, R.,Stolbach,B. C. & Green, B. L. (2011). Treatment of complexPTSD: Results of the ISTSS expert clinician survey on bestpractices. Journal of Traumatic Stress, 24, 615–627. https://doi.org/10.1002/jts.2069782

(5) Bradley, R., Greene, J., Russ, E., Dutra, L. & Westen, D. (2005).A multidimensional meta-analysis of psychotherapy for PTSD.AmericanJournal of Psychiatry, 162, 214–227. https://doi.org/10.1176/appi.ajp.162.2.214

(6) RVTS ØST. (u.å.). Toleransevinduet. Traumebehandling for voksne.https://www.traumebehandling.no/behandle/psykoedukasjon/toleransevinduet/

(7) Levine, P. A. (2010). In an unspoken voice: How the body releasestraumaand restores goodness. North Atlantic Books.

(8) Thornquist, E. & Bunkan, B.H. (1995) Hva er psykomotoriskbehandling?.Universitetsforlaget.

(9) Van de Kamp, M. M., Scheffers, M., Hatzmann, J., Emck, C.,Cuijpers,P. & Beek, P. J. (2019). Body- and movement-OrientedInterventionsfor posttraumatic stress disorder: A systematic reviewand meta-Analysis. Journal of Traumatic Stress, 32(6), 967-976.https://doi.org/10.1002/jts.22465

(10) Koerner, K. (2011). Doing dialectical behavior therapy: A practicalguide. Guilford Publications.

Forrige
Forrige

Et grenseløst samfunn der alle later som de er gode og ingen tar ansvar?

Neste
Neste

Kjære dagbok