Spalte
Eit tidsbilete frå Katarsis, tidleg totusental
Tekst Øyvind Heen Ottesen, tidligere medlem av Katarsis
Publiseringsdato 25.11.2025
Illustrasjon Synne M. Kjerstad
Det er søndag morgon. Eg bur i ein forstad til Bergen, har tre born, er omtrent midt i både livet (kva veit eg?) og yrkeslivet. Eg har akkurat mata katten. Planen for søndagen er å lage kjøttkaker, køyre ungar på ulike aktivitetar og å sjå landskamp. I morgon er det ny arbeidsdag i fengsels- og tryggleikspsykiatrien, der eg har vore det meste av mitt yrkesliv. Dette kan høyrast traurig ut. Er det dette som ventar, kan Katarsis-lesaren undre seg over. Og ja, det er det. Men, det er slettes ikkje verst. Eg vil faktisk gå så langt som å kalle det eit fantastisk, vanleg liv.
Avstanden til dagane i Katarsis, livet eg levde på den tida, den er imidlertid ganske stor. Eg var del av redaksjonen tidleg på totusentalet. Eg kan nesten ikkje hugse korleis eg kom inn i det, men om eg skal grave i hukommelsen så trur eg det byrja med ein mail. EDB hadde ganske nyleg gjort sitt inntog i Christies gate. Nede i kjellaren, ved sida av lesesalane til dei som gjekk på første avdeling, der var datasalen. Datamaskinar med tjukke skjermar, st-nummer og eit passord (mitt var 5451Valen), og ein var praktisk talt i cyberspace.
Eg byrja karrieren i organisasjonslivet på fakultetet i HSK, Helse og sosialkomiteen. Me arrangerte festar. Eg sendte ut fellesinvitasjonar til desse. Katarsis-redaktøren, alltid på jakt etter skribentar, likte tonen i mailen, og dermed var rekrutteringa unnagjort. Eg jobba under to redaktørar. Helle Hagness og Jan Christian Nøtnæs. Helle var sånn som du vil at dottera di skal bli når ho veks opp. Vakker, klok, kompetent. Både veldig kul og veldig grei. Skarp penn, sjølvsagt. Jan Christian gjekk på kullet mitt. Heilt fantastisk type. Intellektuell tungvektar, fysisk veldig lett i steget. Heilskjønn og til å ete opp.
Eg trur me pleide å være sånn 5 stykk på redaksjonsmøter. Mange assosierte medarbeidarar. Frilansarar som leverte stoff pro bono, kun berømmelse og sjølvsagt sex, drugs og rock’n’roll i belønning. Redaksjonsmøter var alltid onsdagar. Dette var både glade og tunge onsdagar. Eg veit ikkje korleis det er i dag, men tysdagar var alltid ein ganske tung utedag for psykologistudentar. Fakultetet hadde avtale med Agora (nedlagt og gjenopna kanskje førti gonger siste tjue år). Fagfestar utan veldig tungt fagleg innhald, 25 kroner for ein halvliter. Onsdagar var nesten alltid undervisningsfri. Det var, trass i sjøslag kvelden før, forventa at ein stilte på innefotball onsdag morgon klokka 0900 med kull 67. Då hadde me reservert hallen i kjellaren på studentsenteret. Det gamle studentsenteret.
Me brøyta oss veg ned gjennom rotter og radon og spelte bakrusfotball på svært høgt nivå. Deretter var det dusj og redaksjonsmøte. Cola frå Narvesen over vegen, den som er nedlagt no, snus og røykepausar. Eg intervjua forresten damene som jobba på Narvesen, dei snitcha og fortalde at mange professorar frå Psykologisk Fakultet kjøpte Se&Hør. Alle professorar vart konfronterande revolverintervjua om dette og blånekta. Løgnane deira var eit gravejournalistisk kupp som vart slått stort opp.
På redaksjonsmøta gjekk me gjennom idear, alle som hadde noko kom på trykk. Lite kvalitetskontroll, men allikevel høg kvalitet tør eg påstå. Ofte innlegg om ungarske psykoanalytikarar, eit eller anna om Freud eller tema i tverrsnittet mellom filosofi og psykologi. Eg dreiv reportasjebasert gledesjournalistikk. Omtalte meg sjølv som gledesredaktør og bladfyk, dekka Katarsis sin nynorskkvote. Etter at me hadde gjort vårt arbeid i vanlege word-dokument så skulle bladet «brekkast». Det var redaktøren sin jobb. Eg forstod at det var ganske vanskeleg, og haldt meg langt unna. Me hadde faste fotografar som tok stilige bileter, der hadde du dei mest kreative. Dei nytta noko ein kallar fotoapparat med linse i denne prosessen.
Det kanskje gøyaste med heile opplegget var at redaksjonen fekk pressekort og kunne gå på pressevisningar på Bergen Kino. Der var det eit hierarki blant «journalistane». Ei kulturdame frå BT var divaen som kunne mest om filmar. Ho var nummer 1, eg var alltid samd i alt ho sa. Me hadde ofte samtalar etter visningar, oss journalistar imellom. Eg nøgde meg med vage formuleringar; «fint bodskap», «sterke skodespelarprestasjonar». Det var alltid få skytescenar og lite biljakt i filmar som fekk pressevisning.
Eg trur ikkje det var store endringar i min periode i Katarsis. Når andre avdeling tok seg til, når eksternpraksis nærma seg, då hadde ein ikkje lenger tid til skriveri. Yngre krefter måtte sleppast til. Redaktøren som tok over då eg og Jan Christian gav oss vart seinare ein prisbelønna og kjent krimforfattar, Helene Flood. Ho kan jo faktisk skrive, kvaliteten vart om mogleg endå betre!
Me konkurrerte ikkje med telefonar om lesaren si merksemd. Sosiale medier eksisterte ikkje. Når bladet kom ut så var det faktisk ein happening på fakultetet. Ein snakkis om du vil. Diskutert over pappkoppar med kaffi til 5 kroner servert av dama i kantina (som me sjølvsagt intervjua om observasjonar ho gjorde seg). Utgivingar fekk mykje merksemd. Eg overdriver kanskje, men studentar nærmast sprang til bladstativa ved inngongen til Christies gate. Mitt mål var å få folk til å le. Av og til trur eg det gjekk.
Det var kort og godt heilt vanvittig gøy å være med på, og eg er heilt enormt glad for at eg fekk oppleve det.
Denne teksten inngår som kilde i en fremtidig sak om Katarsis sin historie, hvor vi har intervjuet tidligere medlemmer i anledning 30-årsjubiléet for tidsskriftet. Denne publiseres 9. desember.